Vikingskip.com Widsith
"Den Vidfarne"
 

Eit Angelsaksisk dikt frå 500 - 600-tallet

Til nynorsk ved Jørn Olav Løset

 
Den Vidfarne tala, opna ordkista si,
han som hadde reist mest av alle menn
gjennom folk og riker over jorda.
Ofte vann han store rikdomar i hallen.
5
Ætta hans var av Myrgingfolket.
Saman med Ealhild, den milde fredsvevaren,
for fyrste gongen, frå den Baltiske kysten,
han søkte Eormannarane sin heim,
konge over Øst-Gøtane, hard mot svikarar.
10
Han byrja den lange talen sin slik:
'Eg har høyrt om mange menn som herska over riker.
Kvar hovding skulle leve rett,
og styre si eigedom etter sedane,
dersom han skal overta kongen si trone.
15
Hwala var for ei tid den beste av alle,
og Alexander også, den edlaste av menn,
som lukkast mest av alle
som eg har høyrt om på jorda.
Attila leia hunnarane, Eormanric gotarane,
20
Becca baningerane, Gifica burgundarane,
Cæsar styrde grekarane og Cælic finnane,
Hagena holmrygane, og Henden glommane.
Witta styrde swaefarane, Wada helsingane,
Meaca myrgingane, Mearc hundingane.
25
Theodric styrde frankarane, Thyle rondingar,
Breoca brondingarane, Billa waenerane.
Oswine styrde eowan og Gefwulf jutene,
Finn, son av Folkwalda, den frisiske ætta.
Sighere leia i mange år sjødanene.
30
Hnaef hocingane, Helm wulfingane,
Wald woingane, Wod thüringane,
Saeferth sycgan, Ongentheow svearane,
Sceafthere ymbrarane, Sceaf langobardane,
Hun haetwararane, og Holen wrosnan.
35
Hringwald var kalla konge av Herefaran.
Offa styrde anglarane, Alewith danene.
Han var den modigaste av alle dasse menn,
men kunne med hæren ikkje sigre over Offa,
Og den edle Offa alt som ung
40
vann i slag det største av alle kongerike.
Ingen i så ung alder vann
meir ære enn han. Med sverdet sitt åleine
merka han bytet mot myrgingane
ved Eider si munning.
45
Fifeldore trygga sigeren. Anglere og svear
såg etter det at Offa hadde sigra.
Hrotwulf og Hrotgar, nevø og farbror,
heldt fred saman i mange år
etter å ha drive vekk heathobard-folket
50
og slått ned Ingelds fylking,
ved Heorot hogg ned heathobardane si hær.
Slik fór eg vide gjennom framande land,
gjennom fjerne riker, og der hadde eg
både god og dårleg lukke, langt frå mine eigne,
55
og tente som fylgjesven langt og vidt.
Og slik kan eg synge og fortelje ein saga,
for karane i mjødhallen
korleis edle herskarar løna meg med gåver.
Eg var med hunnarane og dei ærerike gotarane,
60
med sveane og med gøtene og med syd-danene.
Eg var med wenlas, waenarane og vikingane (
Wicingas).
Eg var med gefthan, winedas og gefflegan.
Eg var med anglarar, swaefar og aenenas.
Eg var med saksarar, sycgans og sweordoweras.
65
Eg var med hronan, deanar og heothoremas.
Eg var med thüringarane og med throwendlarane
og med burgundarne der eg tente ein tvinna halsring.
Der gav Guthere meg ein stor rikdom
som løn for songen min; den kongen var ikkje gniten.
70
Eg var med frankarane, med frisarane og med frumtingane.
Eg var med rygane, glommane og romerane.
Eg var og i Italia med Aelfwine:
av alle menn var han, har eg høyrt,
den snaraste handa til edel gjerning og dåd,
75
det mest gavmilde hjarta til å gje armringar
og skinande halsringar, Eadwins sønn.
Eg var med serkarane og med seringane.
Eg var med grekarane og finnane, og også med Cæsar,
som hadde makt over blømande byer,
80
rikdomar og skattar i det romerske riket.
Eg var med irane, med piktarane og lappane.
Eg var med lidvikingane, leonarane og med langobardane,
med haethenarane og haelethas og med hundingarane.
Eg var med israelittane og med assyrarane,
85
med hebrearane og med inderane og med egyptarane.
Eg var med medearane og med persarane og med myrgingane,
med moabittarane og ongendmyrgingane og med amothingarane.
Eg var med øst-thuringarane og med ofdingane,
med eolerane og filistarane og med idumearane.
90
og eg var med Eormanric gjennom heile regjeringstida hans.
Der ga gotarane sin konge meg ein skatt:
kongen i byen ga meg ein vridd halsring
gjort av gullpengar verd seks hundre penningar.
eg gav den til Eadgils då eg kom heim,
95
som takk til Herren min, herskaren over myrgingane,
fordi han ga meg land som ein gang hadde høyrt til far min.
Og då Ealhild, dotter av Eadwin,
den edle dronninga i huset, gav meg ein annan,
ryet hennar vart spreidd i mange land
100
då sangen min spreidde orda om dette
om kvar under himmelen eg kjende ei dronning,
smykka med gull, mest gåvmild av alle.
Då Scilling og eg med våre klåre røyster,
tok opp vår song for vår ærefulle Herre;
105
song til harpe, høgt det lyddest.
Då mange menn med edle hjarte
som forstod desse ting tala ope
at vakrare song hadde dei aldri høyrt.
Eg fór derfrå gjennom gotiske heimtrakter -
110
alltid søkte eg det beste reisefylgje -
som var Eormanric's hird!
Eg vitja Hehca og Beadecta og herelingarane,
emerkerane og fridla og øst-gøtene,
den vise og livlege faren av Unwen.
115
Eg vitja Secca og Becca,
Seafola og Theoderic,Heathoric og Sifeca, Hlith og Incgentheow.
Eg vitja Eadwine og Elsa, Aegelmund og Hungar,
og det stolte huslyden hjå withmyrgingane.
Eg vitja Wulfhere og Wyrmhere; der kampen ofte rasa
120
i Vistula sine skogar, der den gotiske hæren
med sine skarpe sverd måtte verge
ætta si arne mot Attila sin hær.
Eg vitja Raedhere og Rondhere, Rumstan og Gislhere,
Withergield og Freotheric, Wudga og Hama.
125
Dei var på inga vis det verste fylgje,
sjølv om eg råka å nemne desse sist.
Ofte flaug spyd kvinande frå hæren,
hylande på sin veg til linene til fienden;
der dei forviste Wudga og Hama
130
tente tvinna gull, menn og kvinner.
Så har eg alltid funne gjennom mine ferder
at den herren som er kjærast i sine ting
er den som Gud gir eit kongerike av menn
til å ha og halde så lenge han lever på jorda.
135
Vandrande slik, tilfeldig
bardane farer gjennom mange land;
de fortel kva dei treng, seier takksame ord,
folk finn dei alltid, i sør eller nord,
dyktige i song, milde i gåver,
140
som vil auke sitt ry med sine menn,
og gjere store verk, inntil alt er forbi,
lys og liv saman, han som blir namngjeten
har evig ære under himmelen.´

Om diktet "Widsith"

Heltediktet Widsith handlar om ei reise gjennom Europa i folkevandringstida på 400 og 500-tallet. Diktet har overlevd gjennom samleverket the Exeter Book fra år 975, medan diktaren sjølv er ukjend. Eg-personen "Widsith" må vere oppdikta, sidan ei slik omfattande reise for ein person ville ha vore uoverkomelig i praksis. Mellom dei mange stammane og folkeslaga som nemnast, er ei del stammer og høvdinger som utan tvil er skandinaviske, blant annet "vikingar" i line 60 og samer/lapper i line 80. Dette er den eldste skriftlege kjelde der vikingar blir nemnt, og truleg også for samane.

Attgjevinga her er basert på min tidlegare oversetting til norsk bokmål fra engelsk og svensk. Per dato har eg ikkje funne andre versjonar på norsk, tross omfattande søk på internett, bl.a. i Bibsys. Denne oversettinga av Widsith til nynorsk er den einaste som eg veit om, og er truleg den første.
Attgjevinga mi må sjåast på meir som ei oversetting enn ei poetisk gjendikting av originalteksten. Eg har i hovedsak støtta meg til dei engelske og svenske versjonane som eg har linka til herfrå.

Eg har skrive nokre meir utfyllande kommentarar her >

Jørn Olav Løset, 6. november 2010.

Widsith på moderne engelsk / in modern english.

Widsith på bokmål

My comments in English >

Eksterne linker / external links and sources:

Widsith på svensk/ in Swedish translation.

Widsith på angelsaksisk/ in Anglo Saxon.

More on Widsith and Beowulf.

Vikingskip index

  Til toppen : Heim - home

Last update 11.06.2010. Page design and norwegian text copyright 2010 Jørn Olav Løset.E-mail: joeolavl @ online.no